Sunday, May 21

Medaljen HAR ei bakside

I går var det gresk-norsk Grand Prix-orgie her hos oss, med 3 greske vener av Maria på besøk. Eg heia sjølvsagt på Finland frå starten av; alle som gjer narr av Grand Prix på ein så gjennomført måte fortener rett og slett å vinne. Det beste med Grand Prix er likevel kor alvorleg alle let som dei tek det, og grekarane i stova blei nesten imponerande oppjaga (t.d. Maria på biletet). Margunn og eg nøydde oss med å uttrykke sympati per tekstmelding til dei få finnane vi kjenner.

MEN, her er baksida av den berømte medaljen: Berre ein liten time etter Grand Prix, midt i Thelma and Louise si flukt frå slemme menn, så sovna eg på sofaen. Klokka var knapt forbi midnatt! Dermed er det bekrefta: Det er ikkje særleg moro å vere A-menneske. Noko må gjerast.

2 comments:

Anonymous said...

Haha a-mennesket idun er ikkje spesielt overraskande, heilt klart noko som låg på lur. Rapport fra finsken og alle dei filmane vi har prøvd å sjå på dvd: sovnar. kvar gang vi har sett ein halv film og han enda ikkje har sovna prøver eg å lokke med presang viss han fullfører, men nei. til gjengjeld klarte han å sjå heile grand prix, han var veldig spydig i starten og smilte masse mot slutten.

Idun said...

Knis, eg trur finnane har eit minst like stort nasjonalego som vi, for eg hadde tekstmeldingkontakt med ein annan finne som skreiv takk med store bokstavar og utropsteikn etter at vi ga Finland full pott. Grand Prix ville berre ha funka i Europa, ei mølje av understimulert nasjonalisme!
Eg har full medlidenheit med Petri. Men noko må gjerast.