Det er mai, London renn over av liv, og her sit eg - inne på eit støvete, lite rom og glanar på papir. Er det rettferdig? Sjølvsagt ikkje. Eksamen er verken rettferdig eller nemneverdig mange andre positive ting. Eksamen er slemt; slemt og veldig einsamt.Eksamen i mai er endå verre. Eg tør påstå vi snakkar om påtvinga livsfornekting, ein slags akademikar-hemn over dei nederst i systemet. Mellom anna meg. Slik sett ønskjer eg meg revolusjon, for å ta attende sommaren. Om vinteren kan de stengje meg inne, men ikkje no. Absolutt ikkje no.
Det einaste akseptable ved eksamen i mai er at eksamen i mai ofte òg tek slutt i mai. Då kan alle vi vanstelte sjelene krype ut av dei mørke hola, direkte til næraste park og berre smelte i sola. Der finn de meg om ei veke.
I mellomtida: akkurat her, ved ein pult, med ei kjensle av av djup, djup urettferd.

No comments:
Post a Comment