
Sjølv studentar under eksamensåket må feire nasjonaldag! Den offisielle feiringa blei kort for min del, omtrent ein time, men krava mine til ein akseptabel 17.mai vart oppfylte:
* 1-200 nasjonalistisk innstilte nordmenn i eksil
* ein hes finansminister i bunad (her fanga på film av papparazzidun)
* stor park å marsjere rundt i

* 1-199 paraplyar (gjett kven som mangla ein)
* og så klart, som retrettmogelegheit: kort veg til næraste pub

Lindsay frå Wisconsin lærde sine første norske ord, blant anna "heihei" og "hadet", som vi praktiserte under den korte visitten vår i parken. Etterpå las vi sjølvsagt ikkje til eksamen; sånn går det når ein er uforsiktig og strør pubar ut over heile byen.
No comments:
Post a Comment