Wednesday, May 31

Roadtrip til Wales











Forsvinningsnummeret
Det blei kanskje merkeleg stille på bloggen her sist veke? Det var fordi vi damene var ute i provinsen og lufta oss, slik det seg hør og bør når ein har store ting å feire. Det var godt å puste sjøluft og sjå kor stor himmelen er att! Wales hadde ekte vestlandsuvêr på lur til oss, men det gjorde ingenting; vi fekk ølet, eventyret og det keltiske krydderet vi hadde lengta etter(historisk sus og ville skilt på walisisk, overalt).















Esefjorden er berre barnemat
Margunn og eg tok lappen i Wales då vi budde der, og sidan Margunn er modig, Maria ikkje har lappen og eg er ei pyse, blei det ho som tok den vesle leigebilen vår rundt på venstekøyrde, hekkebekledde Postman Pat-vegar og over nakne sauefjell der møtande bilar eller vi måtte rygge ein halv kilometer for å få passert. Pluss den overskumle motorvegen, der ein eller annan stakkar blei så til dei grader smadra sist søndag slik at all trafikken inn og ut av Wales stoppa opp i fire timar medan vi var på veg heim.
















Wales er stort
Slik tok vi oss frå Cardiff i aust til Swansea (den nest største) og ut på pynten av Gower-halvøya, der vi kryssa eit tidevatnssund (15 m skilnad) og klatra opp på eit lite fjell på Worm's Head. Vi var og i ein magisk kystby - Tenby - med ei ekte, engelsk feriestrand på to sider av byen. I innlandet i sør (vi rakk ikkje nord) ligg det gruvedalar med lange husrekker og høg kriminalitet (som ein gong var grøne, ifølgje Llwellyn sine barndomsmemoarar). Vi suste gjennom ein av desse, men berre suste, for vi fekk ferten av bok. Sjølvaste Moder Bokby, Haye-on-Wye, ligg heilt på grensa til England, i eit drøymelandskap av bølgjande åsar, minipubar og middelalderruinar. Haye kokte av intellektuell kåtskap og hippie-energi; vi hadde truffe på Guardian-Haye litteraturfestival, som dreg 60,000 menneske kvart år. Haye er favoritten vår no. Berre Paradis, i form av bokbutikk.















Heim til fortida
Bortsett frå å forsere djupe dalar og vide bukter i sol og morderisk regn var eg attende på colleget for første gong sidan juni 1999 (Margunn har vore tilbake tidlegare). Som dei andre dagane budde vi på ein liten bed&breakfast i ei dokkeaktig "cottage". Maria, som vaks opp i ei blokk, blei så betatt av det som likna eit vanleg, norsk soverom at vi måtte fjerne ho med makt då vi skulle heim.













Landsbyen (Llantwit Major), som aldri har hatt veldig imponerande menyar bortsett frå tesalongen Truffles sin hot chocolate fudge cake (men så tok eigaren til å selje narkotika), hadde fått ein ny og fantastisk restaurant, Illtyd. Der møtte vi den tidlegare norsklæraren vår, Knut, og kona Ellen, som er sjefssjukepleiar på skulen, til himmelsk sverdfiskmiddag med walisisk super-øl.






Det var rart å vere attende; slottet, hagane og den vesle dalen var nett som før, men der kom eg spankulerande rett ut av London-livet og liksom møtte på meg sjølv, 7 år yngre. Tidsspegelen fekk meg til å tenke over alt eg har gjort sidan då, og ikkje minst - kor umerkeleg fort tida berre går mens vi gjer noko anna.








Tuesday, May 23

Ein historisk dag

I kveld, halv sju norsk tid (halv seks britisk tid), er det OVER. Og då meiner eg OVER-OVER. Ved eit mystisk lykketreff er ein heil bråte av dei eg kjenner heilt ferdige nett i dag, og feiringa blir litt deretter. Dette er HISTORISK (ergo dei STORE bokstavane) fordi det potensielt sett er den SISTE eksamenen (!!) eg utset meg sjølv for nokon gong.

Etter dette er sommaren lang og masteroppgåva latterleg kort. Om de berre kunne sjå det salige smilet mitt no.

Monday, May 22

Vi er frustrerte







Sånn går det når ein (1) prøver å ta ein doktorgrad (Maria) (2) har søkt på jobbar i utviklingssektoren sidan august (Margunn) eller (3) gremmar seg over akademisk press generelt(Maria og Idun, opp ned). Og så var det dette med mennene...

Sunday, May 21

Medaljen HAR ei bakside

I går var det gresk-norsk Grand Prix-orgie her hos oss, med 3 greske vener av Maria på besøk. Eg heia sjølvsagt på Finland frå starten av; alle som gjer narr av Grand Prix på ein så gjennomført måte fortener rett og slett å vinne. Det beste med Grand Prix er likevel kor alvorleg alle let som dei tek det, og grekarane i stova blei nesten imponerande oppjaga (t.d. Maria på biletet). Margunn og eg nøydde oss med å uttrykke sympati per tekstmelding til dei få finnane vi kjenner.

MEN, her er baksida av den berømte medaljen: Berre ein liten time etter Grand Prix, midt i Thelma and Louise si flukt frå slemme menn, så sovna eg på sofaen. Klokka var knapt forbi midnatt! Dermed er det bekrefta: Det er ikkje særleg moro å vere A-menneske. Noko må gjerast.

Saturday, May 20

Det finst så mange teikn

Det er to dagar att til siste eksamen, og eg er leiare enn lei. Nett no prøver eg halvhjerta å få jing, shen, og jingshen til å sitje. JING (flat tone, som i trist vipe pip på aude myr) betyr, seier boka: "essence, refined, skilled spirit", og i visse kombinasjonar kan det bli til substantivet "spirit, vitality" eller adjektivet "spruce, smart, lively". Det er altså viss ein skulle finne på å kombinere JING med SHEN (stigande tone - som i Emil sin pappa gaular på Emil). Men hovudutfordringa er jo sjølve teikna , som sjeldan eller aldri er enkle, bortsett frå dei for 1, 2, og 3, som er flate strekar oppå kvarandre. Heilt klart mine favoritteikn.

Eit anna lyspunkt er den underfundige humoren som gjennomsyrar tekstane eg slepar meg gjennom. I går kom eg over ein herleg, liten dialog mellom Gamle-Wang og Mester Li som oppdaterer kvarandre på dei single småsøskena sine. I margen har eg notert "matchmaking undertone" for Mester Li og Gamle-Wang er ikkje så uskuldige som ein kunne tru. Midtveges i dialogen tek den eine til å hinte om at dei kanskje skal "jie shao jie shao" (introdusere-introdusere) dei respektive småsøskena til kvarandre. Når kinesarar doblar verba er det tydelegvis ugler i mosen! Til alt hell viser det seg at lillesøstra og lillebroren alt er BLITT kjærestar i den avsidesliggande fjellkommunen der dei jobbar med "water conservancy".



Dette var i dei gode, gamle kommunistdagane, og difor kan eg no nyttige ord som "production team", "brigade" og "kamerat", konsept som er utrydda frå det moderne Kina. Men bortsett frå blemmer som at vi må lære slikt tøys før vi kan namnet på dyr og fargane, så har eg sansen for læreboka. Han som skreiv ho ein gong på syttitalet heitte Ping-Cheng T'Ung, og er ein pensjonert professor på SOAS (skulen min). Ryktet seier at Ping-Cheng pønska ut alle tekstane på det vesle kontoret sitt, og skapte tekstboka heilt frå grunnen av. Vidare skal han ha skrive kvart teikn på dei 200 sidene for hand (!). Han var tydelegvis ikkje så lat som meg. Når motivasjonen sviktar, tenkjer eg på Ping.

Det har skjedd noko rart

Dette er eit bilete av klokka på nattbordet mitt idet eg vakna i dag. Ikkje nok med det, dette er klokka mi idet eg stod opp. FØR KLOKKA VAR ÅTTE hadde eg vore ute på marknaden og handla grønsaker.

Eg måtte til og med klore på døra til bakeriet i underetasjen vår for å få kjøpe Scandinavian Bread før opningstid (trudde alltid dei opna sånn 6). Underlegast av alt: dette skjer i eit land der ingen er på jobb før halv ti.

Spørsmålet som tvingar seg fram er om eg blitt forvandla til eit A-menneske (gys). Det er ingen hemmelegheit at eg har gener til det (ja, Pappa, berre fryd deg), men denne utviklinga er - historisk.


Dersom vi gir genene ein pause og går til miljøfaktorar, er ei høgst tenkjeleg smittekjelde morgon-Margunn (som skamlaust sette seg til å jobbe klokka 06.30 i dag).







Ser de grønsakene? Så mange ting har eg aldri gjort før 8, og det er jo fint - men kva gjer eg no?

Thursday, May 18

Hipp hurra



Sjølv studentar under eksamensåket må feire nasjonaldag! Den offisielle feiringa blei kort for min del, omtrent ein time, men krava mine til ein akseptabel 17.mai vart oppfylte:


* 1-200 nasjonalistisk innstilte nordmenn i eksil
* ein hes finansminister i bunad (her fanga på film av papparazzidun)
* stor park å marsjere rundt i
* is, brus, pølser (og bonus: Bamsemums!)
* 1-199 paraplyar (gjett kven som mangla ein)
* og så klart, som retrettmogelegheit: kort veg til næraste pub



Lindsay frå Wisconsin lærde sine første norske ord, blant anna "heihei" og "hadet", som vi praktiserte under den korte visitten vår i parken. Etterpå las vi sjølvsagt ikkje til eksamen; sånn går det når ein er uforsiktig og strør pubar ut over heile byen.