Monday, February 18
Slik fekk eg villsauparykk
Eg har hatt hobbyar i eit vidt spekter, frå unemnelege betalte aktivitetar til musikkskule. No også alderssamansett dans i trollkostyme ved isbasseng, ein del av det interessante påfunnet mange kanskje vil kalle verdsleikane i vinterbading - for første gong arrangert utanfor det deilig bisarre landet Finland.
Våre mannlege vener Bernt og Terje luftar svansen etter eit isbad med tidtaking - før halen og villsauparykken kom på
Andrea frå Slovenia tok ein pause frå tre ekte barnetroll for å heie på oss
Simone og Super-Marit (med ambassaden sitt flagg som kappe)
Kva for ein nasjonalisme?
Troll-Hilde tek ein pause før strabasane
Troll-Idun på veg til å flørte med eldre russarar i strutteskjørt
Tooting Turtle tek seg òg ein pause før opptredenen som hovudperson i Water Performance
Trollteamet girar seg opp i kulissane før avspark
Troll like før den revolusjonerande trolldansen med tittelen The Hall of the Mountain King (Dovregubbens hall) and the Tooting Turtle (dvs. skilpadda frå Tooting Bec Lido, VM-bassenget). Ved ein mystisk feil vann vi ikkje konkurransen. Det merka vi ikkje, då vi var opptekne med å ta bilete av oss sjølve.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment