Friday, August 11
Marerittet er eit faktum
Murphy's confirm that they are never going to leave Chapel Market.
Eg kjem att frå ein spasertur, og kjenner meg vågal. Eg marsjerer bort til arbeidskarane som framleis okkuperer både området framfor ytterdøra mi, lydrommet, og heile gata.
- Hei, omtrent kor lenge skal de halde på med arbeidet, spør eg bråkjekt. Mennene bykser opp frå arbeisstillingane sine, for er det ikkje ei KVINNE som snakkar til dei?
- Vi veit ikkje, ropar alle i kor, og det er først no eg oppdagar at den eine er (unnskyld uttrykket) ein vandrande penis.
- Koffor spør du, spør han med eit vulgært glis, bur du i nærleiken? Kor då? Det han eigentleg spør om er såklart om eg òg har sett den episoden i Frustrerte fruer der ho med det raude håret kastar seg over ein arbeidskar.
- Ja, koffor spør du, spør den andre. Det kan dei jo få lure på, tenker eg, og skiftar til eit farlegare ansiktsuttrykk.
Omsider kjem den stygge sanninga fram: Ingen veit faktisk kor lenge dei skal bore hol i hovudet på oss, og 2-3 veker er i ALLE fall ei underdriving.
- Meir sånn 2-3 månader, ropar den sex-hungrige nede frå grøfta si
- See you around, then!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Sympatien er fullkommen. Men det finst eit glimmer av positive sider, eller side om ikkje anna. Arbeidsfolk er utruleg nyttige for sjoelvkjensla saann tidleg paa morgonen naar ein tykkjer haaret staar til alle kantar, er redd lebestiften framleis er smurt utover og ikkje er heilt sikker paa om ein hugsa aa ta paa alle kleda og i rett rekkjefoelgje. For uansett, vil dei nok heilt sikkert spoerre seg om du har sett den episoden i Frustrerte Fruer, og plystre til nebbet er blaatt og pusten vekke. Lykke til Idun!
Post a Comment