Sunday, July 2
Ei tåre for England
Eg skal innrømme det. Eg felte ei tåre for England i går.
Eg låg og las på Maria si seng i saunatemperatur då kampen starta. Huset var stille, men brått skjedde det noko med lydane nede frå Chapel Market. Kvardagskaklinga døydde vekk, sjauekarane med Tourettes klappa att, og nokon stemde i med ein nasjonalsang. Så kom det første kollektive brølet frå The Alma på hjørnet. Etter ei lang, lang stund ga eg opp konsentrasjonsforsøket og gjekk for å trene, forbi flokkar av andektige menn samla rundt ein skjerm. Eg kunne ha sprada naken gjennom Islinton - ingen ville ha merka det.
Den korte briten bak disken var så klistra til skjermen under disken at han ikkje hadde tid til å sjå opp då han aktiviserte kortet mitt. Nede ved treningsmaskinene var det dødsstille; fire forrædarar sat og trødde i kvar sine hjørne.
Først då det kom eit smertestønn frå tredemølla bak meg, besøkte eg fotballkanalen. Det var ekstrarunde og drepande kjedeleg, og eg skifta sporenstreks tilbake til ein potpurri av familievideoar der treåringar syklar inn i lyktestolpar og får softisen sin i ansiktet. Då det blei strafferunde let eg meg pirre att; den er så herleg strippa for forvirrande reglar. Stolt noterte eg meg at eg kjende at éin spelar (Beckham)( Liknar han ikkje litt på han i Forbrukerinspektørene frå Førde?).
Og så tapte England, då. Det var jo trist. Det har i grunnen vore ein spennande månad der eg oppdaga korleis englandsflagget ser ut (biletet) og fekk sjå heile blokkbygningar tapetesearast av flagg ettersom England vann fleire kampar. Som sagt, så grein eg litt for vertslandet. Det rørte meg nemleg at ein av senebuntane hulka så inderleg der ute på grasbana i Tyskland. Men så sykla eg vidare, mens fyren attmed meg kviskra "Unbelievable. Unbelievable". Trass alt, folkens.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Medan Idun sykla iherdig i kjellaren paa Fitness First, trena eg og lillebror stemmebanda og strekkmusklane i leggane forann ein av dei beroemte skjermane. Som sild i toenner stod vi blant brumlebassar og barberte hovud, sveittene rann og nervane var i hoegspenn. Ein forsiktig portugisar kikka inn glaset og haapte ingen saag han smile til slutt. Eg maatte ta meg saman og trappe opp entusiasmen daa ein kar spurte meg om eg i det heile tatt interesserte meg for fotball. Eg hadde paa ingen maate lyst aa bli oppdaga som forredar og Portugal-supportar. Eg kutta braatt kontakten med einstoeingen utanfor glaset og haldt pusten medan Englendarane bomma gong paa gong. Daa det heile var over, grein mylderet sine modig taarer, helte i seg resten av det dovne oelet, toerka sveitten og rusla heimover med boygd nakke og mobilen i handa. Det var over, saa definitivt over.
Post a Comment