Tuesday, July 4

Bror på ein snurr

This is the true story of how a thirsty little brother got very smashed. Thanks to his angelic sister he was nursed back to life just in time for the flight back home.


Vi har en liten søster
vi har en liten bror
som er litt annerledes
enn andre barn på jord.




Det var tid for heimreise. Margunn pakka sekk. Drikkeglad vetlebror på ferie var trygt forvart på stampuben med ein kuwaitisk bekjent. Så kom telefonen med den dyrisk enkle bodskapen: "Hjelp". Drikkegal bror var ein drink forbi stadiet der ein finn vegen heim. Snill storesøster gjekk for å sanke han heim. Det var to timar til flybussen skulle gå.

Fleire dyriske stunder seinare er det ein fattig time til søskenparet Indrebø skal vere på bussen. Lidande russebror bedyrar at han aldri har vore så full før. Kvalm kuwaitar, framleis i baren, er i ferd med å nå ein liknande konklusjon. Vi prøver å skaffe skyss per telefon. Margunn pakkar to sekkar. Vi tørkar opp tequilaslim frå parketten og heller vatn inn i munnen på bror. Samtidig ler vi litt i skjegget, for jammen er det rart å ha blitt stor.





Med løyve frå anonym lillebror

1 comment:

Anonymous said...

Game over

du ser ut som ern struz