Wednesday, June 14
Ven med ball
Maria og eg har fått oss ball. Ein er grå, ein er kvit og luktar lateks. Det er ballen min, og sensasjonelt nok: ein ball eg likar.
Eg har hata ballar så lenge eg kan hugse. Det er ikkje nokon si skuld; det berre ligg i ballane sin natur: Ballar er til for å kastast, og eg ein sånn som ofte blir truffen. Ballar likar seg i gymsalar, det gjer ikkje eg. Eit forhold fylt av frykt og mistenksomheit, med andre ord.
Men så kom Ballen frå himmelen. Ballen frå himmelen er mjuk og mjølkekvit. Han er såpass stor og klumsete at ein blir litt glad i han nesten med det same, og dei ein er glad i kastar ein jo ikkje på andre. Dermed er det ingen sjans i havet for å få han i hovudet heilt utan provokasjon.
Ballen og eg legg alt planar. Resten av sommaren skal vi sitje fredeleg og skrive oppgåve høgt over skvalderet på Chapel Market. Om kvelden skal Ballen sove i kroken under skrivebordet mitt, og når vi vaknar skal vi balansere litt i morgonsola. Difor kan eg seie, med handa på hjartet, at endeleg er eg ven med ball.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
snufs eg er rørt! eg får lyst til å følge dette nydelege eksempelet. men kan du huske medisinballen? den var ein av dei raraste gymsal-tinga, og eg trur kanskje det er bestefaren til ballen din. eg har aldri vore uvenn med fotballar heller, men det var mest fordi eg brukte tida på turnøvelsar på mindre hektiske område av bana. kunsten min var å snike seg vekk, derfor var kanonball også topp. dessuten er bordtennisball bra (ikkje vondt!) og vi må ikkje gløyme høna! badminton altså. er det ein ball?
nektar å tenke på håndball, basket, slåball m.m.
Eg hugsar ikkje medisinballen sin bestefar, men eg trur definitivt at venlege ballar har ei stor framtid. Berre vent og sjå!
Trur du vi kan publisere videoen til far din av deg som turnar og hoppar mållaust rundt på bana mens laget ditt spelar fotball? du skal få ein æres-plass på bloggen viss du fiksar det!
ps) høner er IKKJE ballar, men hybridballar! ballar er runde!
Post a Comment