Saturday, June 17

Sjå opp

Ein retningsvill bjørn terroriserer Sogn og Fjordane. Her på Chapel Market rettar vi uroa vår mot himmelen denne veka, etter at ESA sin XMM-Newton røntgen-satelitt oppdaga eit like retningsvilt monster, ein kjempekolossal "ball" av gass på blåtur i verdsrommet.


Tre millionar lysår på tvers
Sjølv kallar dei det "a comet-like ball of gas over a thousand million times the mass of the sun". Denne nifsingen susar gjennom ein fjern galakseklump i over 750 km i sekundet (!). Dette er den største flammeballen forskarar nokon gong har sett, omtrent tre millionar lysår på tvers, eller fem tusen millionar gonger (hald deg fast) solsystemet vårt. Dr. Alexis Finoguenov, som naturleg nok er i orgastisk ekstase over oppdaginga, utdjupar: "This is likely a massive building block being delivered to one of the largest assembly of galaxies we know." Nifst!?

Alexis: - Ikkje farleg
-Neidå, forsikrar Dr. Alexis. For supergassuhyret rasar jo ikkje gjennom vår galakse, men gjennom galakseklumpen "Abell 3266" (som er ei samling av hundrevis av galaksar og store mengder varm gass, nesten 100 millionar grader (!!)). Til alt hell ligg denne Abell mange millionar lysår unna Jorda. Og dermed kan vi tydelegvis sove trygt.

Aleksi: - Lenge sidan
Men her på Chapel Market gir vi oss ikkje med billege forklaringar. I går fritta vi ut vår eigen besøkande husastronom, Aleksi, snart Dr. Aleksi, og ekspert på "dark matter", som Dr. Alexis skildrar som "tyngdekraftlimet som held gassballen saman". Og mens panikken ulmar på Chapel Market (i tilfelle gassballen kjem på avvege?) kan Aleksi fortelje at skrekkflammeballen faktisk er fortid. Han skjer ikkje no - han skjedde for alle dei der lysåra sidan. Det vil jo tilsvare at bjørnen i Sogn og Fjordane var ei luftspegling frå første istid. Aha?

Vakker slutt
Dr. Alexis, altså ikkje vår Aleksi (som er ute og syklar i dag) kjem med ytterlegare opplysningar som får gassballen til å virke sympatisk. Faktisk skal denne gassballen si ferd gjennom galakseklumpen Abell føre til ein slags drakamp der Abell kjem til å vinne. Og når denne krigen er slutt, då blir det fødd stjerner.

http://www.esa.int/esaCP/SEMWD1AATME_index_0.html

No comments: